Butikkjede vil etablere stort utsal på Lura

NY BUTIKK: Storcash, ei grossistkjede for næringsdrivande, vil flytte frå Sola til Sandnes.
Foto: Åge Grude

av Mikkjell Lønning, Sandnesposten
PUBLISERT: 28.JULI.22 05:00

Grossistkjeda Storcash treng meir plass, og planlegg å flytte frå lokala sine på Sola innan hausten 2024.

Storcash har drive butikk i Noreg sidan 1991, og har ti ulike butikkar rundt i landet. Éin av butikkane deira ligg på Sola, men der har dei rett og slett ikkje nok plass lenger.

Difor vil dei ta turen til Lura.

– Det var uansett på tide å fornye leigekontrakten, og me ønskjer oss litt større lokale. Tida var inne for å flytte, seier Terje Systad, direktør i Storcash Norge AS.

Butikken skal inn i IKM Eiendom sine lokale i Forusbeen 248, som blir nærmaste nabo til Scanlift sitt nye bygg rett ved. Delar av dagens bygningsmasse skal rivast for å gjere plass til det rundt 2600 kvadratmeter store lokalet.

Milliardomsetning

Storcash driv grossisthandel av mat, drikke, emballasje og liknande til næringsdrivande. Firmaet hadde ei omsetning på 1,55 milliardar kroner i fjor, og tente gode pengar på at svoltne nordmenn har bestilt hentemat som aldri før.

– Mange av kundane våre har drive med takeaway under pandemien. Pizzarestaurantar, gatekjøkken og den gjengen har hatt stor vekst, og me har seld godt med varer til dei igjen, forklarar Systad.

Dei noterte seg eit årsresultat på 64 millionar kroner i 2021.

– Målet vårt er å flytte innan hausten 2024. Det skal byggjast nytt, så den endelege overtakinga er ikkje avtalt, seier Systad til slutt.