Huseigarne her vil gje bygningen «en betydelig oppgradering av fasader og estetikk.
Foto: Simon Hobberstad
av Håvard Ovesen, Jærbladet
PUBLISERT: 04. NOVEMBER 23
Eigarane av Bernervegen 27 på Nærbø har planar om å gje bygningen, som huser Kiwi og Pizzabakeren, ei real overhaling. Målet, ifølge søknaden sendt til kommunen tidlegare i år, er at bygget skal «fremstå mer helhetlig i et fornyet designkonsept.»
Pizzabakeren, som i dag held til i 1. etasje, skal flytta opp i 2. etasje. Samtidig skal Kiwi-butikken få eit nytt inngangsparti.
Huseigarane skal òg oppgradera fasaden, med større glasparti og delvis ny kledning.
Baldakinar og takutstikk skal rivast. Det same skal den utvendige trappa på sørsida.
Slik skal Bernervegen 27 sjå ut i framtida. Foto: Aros Arkitekter
Påbygg
I staden for den utvendige trappa, kjem det eit påbygg/tilbygg. Her kjem det eit nytt inngangsparti til Kiwi, men òg ei innvendig trapp som skal binda saman 1. og 2. etasje.
Varemottaket, som i dag ligg ut mot Bernervegen i sør, vert flytta opp til 2. etasje, på nordsida, der den gamle Rema-butikken i 2. etasje sitt varemottak var. Det nye varemottaket skal knytast til 1. etasje med ein heis.
Trass i at overhalinga krev eit påbygg, vert faktisk den totale summen av bebygd areal mindre, på grunn av utstikkarane som skal rivast.
I søknaden til kommunen skriv arkitekten på vegner av huseigaren at ein med desse grepa får meir grønt mot Bernervegen og «en betydelig oppgradering av byggets fasader og estetikk.»
Ville seia nei
Trass alt dette, var kommunedirektøren i utgangspunktet skeptisk til å seia ja til grepa. Det var fordi at området Bernervegen 27 ligg i, i utgangspunktet er regulert til plasskrevjande næring, ikkje detaljhandel.
Kommunedirektøren frykta at om huseigarane får dispensasjon frå føresegnene i kommunedelplanen, vil det føra til at det kan ta lenger tid før området i praksis vert eit område for plasskrevjande næring, slik planen legg opp til.
Då Utval for samfunn skulle diskutere saka torsdag, var kommunedirektøren sitt råd at huseigarane burde få nei til planane.
Slik gjekk det ikkje.
– Eg har tenkt, og sikkert fleire med meg, at dette må gå under ei mindre endring. Dette er ei fasadeendring. Det bebygde arealet vert mindre, og det vert betre for butikken. Det er inga bruksendring og ingen ulemper. Dette må me gå inn for, sa utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) og hausta støtte frå fleire:
– Eg synest òg me skal gå for det. Dette pynter opp området og vert betre. Eg ser ingen vanskar med dette, sa Knut Åge Gjersdal (Sp).
Viktigare å ta tak i det som forfell
Paul Skretting (Hå-lista) sa han var overraska over innstillinga frå kommunedirektøren.
– Me har store område som står til nedfalls på Nærbø og ikkje vert brukt, og så skal me stoppa opp ein god aktivitet i eit godt fungerande bygg, spurte han retorisk.
Skretting sa at han trudde at transformasjonen av området til handel med store varer uansett ligg mange år fram i tid.
– Det er viktigare å ta tak i det som står til nedfalls rundt forbi, både det kommunen eig, og det som private eig, sa han.
Ånestad la fram eit fellesforslag frå heile utvalet der dei slo fast at fordelane ved å gje huseigarane dispensasjon frå kommunedelplanen er langt større enn ulempene. Innstillinga om å gje grønt lys til planane, var difor samrøystes.